24.01.2022 hadde vi ei alvorleg hending på ID-porten . Ein feil på databasetenesta i ID-porten gjorde at ingen fekk logga inn i perioden 14:10 – 17:43. i perioden 17:43 – 18:23 var ID-porten delvis utilgjengeleg. Feilen i ID-porten medførte også at Maskinporten og KRR var delvis ned i perioden.